Meld deg på no!

INFO OG PÅMELDING FOR KULMINASJON HER!

Add comment 15 oktober, 2009

Kulminasjon og ny nettside på trappene

Dersom du har forvilla deg inn på denne nettsida for å melde deg på Kulminasjon-09 på Vaksdal, 6. – 8. november, så er du snart på riktig vei.

Vi heldt på å lage ny nettside www.vaksdalkul.com – men det skulle vise seg å ikkje bli så lett som vi trudde. Enn så lenge kan du finne påmeldingsinfo HER. All informasjon sender du i epost til: kulminasjon@gmail.com. Du vil få svar frå oss med bekreftelse på at du er påmeldt. All betaling skjer når du kjem til konferansen.

Skund deg og melde deg på!

Vi syns det er kjekkast dersom du melder deg på heile helga, men det går også an å berre vere med på noko.

Pris for heile helga – inkluderer alle seminar, overnatting og konsert(ar): 400 kr

Dagspass lørdag: 200 kr

50 kr for konsert laurdag (Dette er også ope for alle i alle aldrar!). Det er gospel- og lovsangskoret SERAF som har konsert for oss!

Håper du blir med og gjer denne helga spesiell!

Dersom det er noko du lurar på ang. påmelding, så skriv ein mail til oss då vel ;)

Add comment 6 oktober, 2009

God sommar!

Takk til alle som var med og gjorde leir-helga til ei fin helg. Det blir nok lagt ut litt bilete etter kvart :D

I sommar kjem det ikkje til å vere Nattkafè på fredagane, men vi kjem til å finne på forskjellige ting kvar onsdag, frå og med 1. juli. Dersom du ynskjer å få ein sms om desse arrangementa (t.d. bading/grilling/jordbærlukking/tur), så send ei melding om det til Margot-Helene: 92458915.

Til slutt vil vi uttrykkje vår djupaste medkjensle med familien og venene til han som omkom i mopedulukka på Stamnes laurdag kveld. Dette er veldig trist og uforståeleg. Fred over minnet.

23 juni, 2009

Dette treng du med deg til hytte/teltturen

  • 1 KOPP
  • Bibelen
  • skrivesaker
  • fjellsko/støvler 
  • regnbukse/regnjakke
  • byttekler
  • innesko/tøfler
  • 30 kr i snop til felles snopebord
  • toalettsaker
  • tursekk
  • mobil
  • 200kr til maten
  • godt humør
  • badeklær
  • sovepose/liggeunderlag

Som kjent var det for få påmeldte til å ha leir på Fagertun, så difor må vi finne på noko anna gøy! Vi skal sove i hytte og telt på Berge i Bergsdalen. Det blir ett  stort telt som skal være med så det er god plass til alle.

Alle blir kjørt opp av ledere opp til hytten, fra Vaksdal, Dale, Straume. Felles avreise frå Dale stasjon kl. 18.00. Det er bare 100 m til hytten fra veien og vi regner med at alle kan gå “så langt”. Alle må ha godt fottøy på seg og være sulten når de kjem opp. Det blir mat med ein gong når de kjem, og dere får programet der oppe.

Me sjåast!!!  

 

webside

18 juni, 2009

Nattkafè på fredag 29. mai – og leirinfo!

DU er velkommen på Nattkafè!

Det blir litt meir informasjon om komande Zoomarleir, 19. – 21. juni. Mulig å melde seg på frå og med tysdag 2. juni, og det kjem til å koste 400 kr. Vi legg ut opplysningar her om påmelding i løpet av mandagen. Men du får også vite ein del på Nattkafè på fredag.

Vi HÅPER du blir med på leir!!!

28 mai, 2009

Nattkafè på fredag 22. mai!

Hei alle sammen!

Sidan folk har langhelg kan det vere greit å opplyse om at det ER nattkafè på fredag 22. mai. Frå kl 20.00-24.00.

Det blir gøy! Velkommen!

21 mai, 2009

NO BLIR DET LEIR!!!

Om du er 13-18 år er DU velkomen på Zoomar-leir på Fagertun!

Dato: 19. – 21. juni

Info om pris og påmelding kjem så snart det er klargjort. Men spør heime allereie no om du får lov å reise! Det blir ein PERFEKT START på sommarferien!

DSCF0647komprimert

19 mai, 2009

home

VELKOMMEN TIL HEIMESIDA VÅR!

KUL er for deg som går i 8. klasse og oppover.

Under linken Om Vaksdal KUL” kan du lese meir om kven vi er og kva som skjer på Vaksdal Bedehus på fredagane.

Dersom du klikker på Kva skjer?” i kolonna til høgre finn du halvårsplanen vår. Det kan kome endringar.

 www.wallpaperforchrist.com

27 februar, 2009


  • For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. . --- JOH-3,16

Sider

Sjå her!

info leir Nattkafè nyhende

Meta

 

februar 2010
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728

Arkivet

Lenker