Nattkafè på fredag, og hugs Leirpåmeldingsfrist!

No på fredag, 22. oktober, er det Nattkafè igjen. Kongshaug Musikkgymnas som skulle besøke oss, måtte dessverre trekke seg. Men dei har lyst å komme ein tur over nyttår. Så me satser på at det blir bra!

Men det er ein som ikkje har trekt seg – og det er Bjarte Hetlebakke. :) Han kjem og skal ha andakt for oss, så det må du ikkje gå glipp av.

Hugs å melde deg på leir! Fristen går ut fredag. Du kan gjere det på Nattkafè, sms eller epost (sjå nedanfor). Me har motteke ei herleg mengd med påmeldingar i god tid før fristen, så me trur dette kjem til å bli ein kjempekjekk leir med masse trivelige folk. Håpar DU blir ein av dei som blir med!

Påmelding:

  • sms: 92458915
  • epost: vaksdalkul@gmail.com
  • eller kom på Nattkafè/KUL i Vaksdal Bedehus 22. oktober og meld deg på i kiosken (men då kan det hende at det er fullt, så det lønner seg å melde frå før!)

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.