Jubileum
For den dølle er dagane kjipe, men den hippe drar stadig feite parteyys! — Ordtøka 15:15 (lett omskrive)
For litt over ti år sidan sat ein gjeng kristne på Vaksdal og diskuterte om ein skulle starte kristent ungdomsarbeid på Vaksdal. Før det hadde det vore litt av dette; ein samla seg i bedehuset, men det hadde ikkje vore noko konkret og fast. Så kom ein på å starte eit ungdomslag; og dermed faste møter og nattkaféar. Diskusjonen gjekk på mange ting, mellom anna kva ein skulle heite. Enkelte ville kalle det for “Vaksdal Kristne Ungdomslag,” men ein person kom med ideen om at ein skulle kalle det for “Vaksdal Kristelege Ungsomslag.”
Ein kan spørje seg om det eigentleg er stor skilnad mellom desse, men det er faktisk det. Ordet “kristeleg” får fram kva som er målet vårt; å bli lik Kristus! “Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.” (1Joh 3:2)
Så, ti år seinare feira vi jubileum med bøn, lovsong, god mat, underhaldning; og god omtale i den lokale pressa. Gratulerar!
BILETE FRÅ FESTEN
Fyrste delen:
Nye og gamle KULarar samla til eit møte med lovsong, andakt og nattverd.
![]()
Andre delen:
I kjellaren var det pynta til skikkeleg festmåltid!
Tredje delen:
Etterpå var det storslått underhaldning med tryllekunstnaren Ruben Gazki.