Prosjekt for misjon 2010-2011

Dette året, og inn til vidare, samlar KUL inn pengar til ulike prosjekt i Russland, som Norsk Samemisjon driv, spesielt i Lovozero. Grunnen til at me har valgt denne organisasjonen, er at det er dei som eig Fagertun i Eksingedalen. Og me i denne kommunen er jo ganske mykje på leirar på Fagertun!

Heilt sidan KUL starta opp i 1996 har det vore viktig å ha blikket utover – og sjå om det er andre me kan hjelpe. Sjølv om me er ungdommar, kan det vere pengar me kan avsjå for at andre skal få det betre.

Korleis me samlar inn pengar – det skal me komme tilbake til :) Men ein ting som me alltid gjer, er å gi 10 % av det me får inn i kiosken til misjonsprosjektet.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.