Om Vaksdal KUL

 

Vaksdal Kristelege Ungdomslag, eller «Vaksdal KUL,» er eit kristent ungsomslag i Vaksdal kommune. Laget er innmeldt i Nordhordaland Indremisjon, ein krets av Indremisjonsforbundet (ImF). Me er tufta på dei samme verdiane som denne organisasjonen er, men er eit sjølvstendig lag som vert driven av styret i Vaksdal KUL

Hovudføremålet til laget er å bringa ungdom nærare eit levande forhold til Jesus Kristus. Vi ynskjer også å bidra til at unge på Vaksdal kan ha eit positivt rusfritt miljø å vera i, uavhengig av religion og livssyn. Arbeidet som KUL driv blir elles gjort i lys av KUL sin visjon, som vart utforma for nokre år tilbake. Visjonen er:

Vi ynskjer at medlemmane i Vaksdal KUL skal få

  • Tilhøyre eit levande fellesskap der vi kan
  • Tilbe Jesus Kristus, og
  • Tene kvarandre ved den Heilage Ande, så vi kan
  • Tale Guds ord til frelse for alle.

Det er viktig for oss at dette er eit rusfritt alternativ, difor har vi nulltoleranse for alkohol og andre rusmiddel på våre arrangement. Vi veit at ungdom treng ein stad der dei berre kan vere seg sjølve og slepp å bli utsette for press frå andre. Dessutan treng dei å sjå at det er nokon som bryr seg. Vi som er leiarar er tilgjengelege for ungdommane, om dei til dømes treng nokon å snakke fortruleg med.

Vi har hovudsakleg to typar arrangement i KUL sin regi:

Nattkafé på Vaksdal

Koselig – kreativt – kjekt!

Ca. annankvar fredag er det Nattkafé i kjellaren på Vaksdal Bedehus. Her kan ungdom frå 8. klasse og oppover kome kvar fredag frå 20.00 til midnatt. Her kan ein kome og gå når ein vil. Vi sel pizza eller annan varm mat i kiosken, i tillegg til andre kioskvarer. I løpet av kvelden er det alltid nokon som har eit enkelt vitnesbyrd; det vil seie at dei fortel noko om kva Gud betyr for dei eller har gjort i livet deira. På Nattkafé kan ein spele billiard, bordtennis, eller andre spel. Av og til leikar vi kjekke leikar som «Mafia», «Teatersport», «Sing Star» eller «Karaoke». Men for det meste sit folk rundt omkring og pratar og har det trivelig med kvarandre, og kanskje speler dei litt gitar og piano. Med andre ord; eit miljø vi håpar at mange kan trivast i.

Husfellesskap på Dale

Dele liv – dele tru – dele mat – dele sorg – dele glede

Dei andre fredagane (ca annankvar gong) er det noko som me kallar Husfellesskap. Då samlast me i ein heim på Dale. Det er leiargruppa som har hovudansvar for desse samlingane. I løpet av ein slik kveld snakkar me saman om korleis me har det, me snakkar saman om det me trur på, ber saman og syng, me lagar mat saman og har det veldig sosialt og artig.

Dersom du vil vere med på Husfellesskap er det berre å ta kontakt med Margot-Helene på mob. 92458915. Du kan ta med deg så mange venner du vil – og du treng ikkje å vere sikker på trua di for å komme.

Den kristne profilen er med andre ord sterkt til stades i mykje av det KUL gjer. Dette betyr ikkje at ein må bekjenne seg som kristen for å kome og ta del i våre arrangement.