Vil du hjelpe til?

Ungdom: Hjelpe til i kiosken?

Dersom du vil hjelpe til i kiosken på Nattkafè er det berre å ta kontakt med leiaren i styret i KUL (du finn tlf.nr på sida «Styret»). Jo fleire som bidrar, jo betre er det. Du får ei lita opplæring på forhånd – og så vil dei som er litt meir erfarne hjelpe til når det trengs. Det er som oftast 2-3 som står i kiosken om gongen. Du kan ta deg litt pausar innimellom.

Bli kiosk-medhjelpar!

Vaksen (18+): KULisse?

KUL har ei støttegruppe med vaksne medhjelparar – KULissene. Som namnet tilseier er ikkje desse av dei mest framtredande, men dei gjer eit viktig arbeid som vi ikkje kunne ha vore forutan.

Kulissene treng alltid fleire folk. Du kan vere KULisse viss du…

– ser på deg sjølv som «godt vaksen» (altså minimum over 18 år)

-har ein fredagskveld til disposisjon

-dersom du kan tenkje deg å vere…

Tilsyn/Vakt: Sidan KUL skal vere rusfritt har vi behov for at nokon kan syte for at bedehuset og området rundt ikkje vert ein samlingsplass for alkoholpåverka ungdom.

Miljøfaktor: Vi i KUL ser det også som ein stor verdi å ha godt vaksne menneske i miljøet. Dette skapar tryggleik både for ungdommane som er der, og leiarane.

Vil du vere KULisse? Då kan du ta kontakt med Åshild Einestrand Rene på tlf: 99165714